Meld deg på vårt nyhetsbrev

E-posten er allerede registrert

Takk for interessen!

Vi har nå registrert din e-postadresse.

34-35 frisparkillustrasjon_av_Hallvard Skauge_Ansvaret ligg ein annan stad Ta Del 13

Ansvaret ligg ein annan stad

Eit framtidig scenario der all produksjon av velferdstenester i kommunal regi er avvikla.



TEKST: Andreas HomplandFOTO: Hallvard Skauge

KOMMUNEN har frihetsgrader i kva for oppgaver den tar ta på seg. Det har med politiske verdiar og økonomiske musklar å gjera. Men på heilt grunnleggande område er det eit lovpålagt kommunalt ansvar for å yta tenester til innbyggarane. Det er ei kommunal oppgave å styra tilgangen, prioritera og fordela tenestene etter faste kriteriar og ein dose lokalt skjønn.

Er ikkje pålagt å utføra tenestene

Men kommunen er ikkje pålagt å produsera og utføra tenestene sjøl. Dei kan settast ut til andre - til kommunale og interkommunale føretak, til frivillige og ikkje-kommersielle organisasjonar, eller til private bedrifter. Av og til på kontrakt, men oftare etter anbod der andre tilbydarar er i direkte konkurranse med kommunale etatar. Dette er stadig meir vanlig når det gjeld tekniske tenester, men ikkje for primære velferdstenester til barn, eldre og pleietrengande. Så langt er det få bestemødrer som er sett ut på anbod, som det heiter i retorikken mot utviklinga.

Lovnad om større valfridom og lågare kostnader

DETTE SYSTEMET er i ombygging på fleire måtar. Det er ei politisk villa endring som skal gje brukarane større valfridom og spara kommunane for utgifter.

At det er billigare å driva privat enn kommunalt, bygger på ein føresetnad om at privat verksemd er mest effektiv fordi det kommunale kostnadsmedvitet er for dårlig. Konkurranse er av det gode fordi det pressar fram den beste og mest rasjonelle organiseringa. Den som satsar sine eigne pengar på å driva eit firma, er meir påpasselig med utgiftene enn den som kan forlita seg på offentlige pengar.

Den andre sida av dette er at dersom pengane til omsorg og pleie ikkje går om kommunale kasser, men følgjer brukaren etter faste takstar, står den enkelte i prinsippet fritt til å velja mellom kommunale og diverse private tilbydarar. På vilkår av at det finnest private tilbod, sjølsagt, og det kan vera mulig i mye større kommunar med god og robust tilgang på kvalifiserte folk som vågar å satsa.

Baner veg for store ugjennomtrengelige velferdskonsern

EIN KAN TENKA SEG ei omlegging av statlige finansiering som gjer "penger følger bruker" til det normale. Folk flest avgjer sjøl kor dei vil kjøpa tenestene, og det er dei kommunale tilboda som taper. Men ein kan også tenka seg at alle desse frie vala som ei plage for folk flest. Det blir for tidkrevjande å setta seg inn i og samanlikna tilbod, og heile tida må ein leva i uvisse om ein har valt det rette - for seg sjøl, for sine barn eller for gamle mor. Det er heller ikkje trulig at det vil fløyma over av små, private og veltilpassa tilbod. Det er like sannsynlig at dei som tar over, er store og ugjennomtrengelige velferdskonsern med tilnærma monopol, og der bemanning, kvalifikasjonar og forteneste er forretningshemmeligheter.

Eit alternativ er at kommunen sluttar å produsera tenester, men finsliper seg i rollen som bestillar av privat produserte tenester og nyttar si marknadsmakt som storinnkjøpar av tenester, på vegne av brukarane. Då får den enkelte meir velferd for trygdepengar og skattepengar enn om hen skulle handla i marknaden på eiga hand.

Kommunen kan koma seg unna kritikk og misnøye

DET KLASSISKE ORDTAKET seier at det er det same kva for farge katten har, bare den fangar mus. Og tilsvarande: Det er vel det same kven som produserer og leverer, for det avgjerande må vera at dei som treng og har krav på tenestene, er godt nøgde?

Kanskje det, men som reindyrka bestillar, blir resultatet ein kommune utan førstelinjeteneste og utan personalansvar, dominert av konsulentar, juristar og andre med spesialkompetanse i forhandlingar og kontraktrett. Som arbeidsgjevar og organ for lokalt folkestyre kan dei koma seg unna mye kritikk og misnøye når dei har skuva ansvaret frå seg.

comments powered by Disqus