Meld deg på vårt nyhetsbrev

E-posten er allerede registrert

Takk for interessen!

Vi har nå registrert din e-postadresse.

Teikning Hallvard Skauge

Å taka til vitande

New Public Management har fare som ei motebølgje over norsk offentlig forvaltning. Det har frikopla leiing frå faglig kompetanse og skapt ein fryktkultur. Rapportering er blitt viktigare enn agering og revisjon viktigare enn resultat.

TEKST: Andreas Hompland

KOMMUNALMINISTER Liv Signe Navarsete bruker gjerne uttrykket "eg tek det til vitande", i alle fall når ho ikkje i det irritable og polemiske hjørnet. Det er eksakt og korrekt nynorsk, og det er eit standard formulert vedtak i kommunar og fylkeskommunar som bruker nynorsk som administrasjonsspråk. Men kva dekker det i bokmålsk forvaltningsspråk? Er det "ta til etterretning" eller "ta til orientering"? Og er det noen forskjell på dei to formuleringane, fenomena og forståingane? 

I SPRÅKSPALTA si Aftenposten har Per Egil Egge utforska dette. Han spør: "Hvis man får kritikk og sier at man tar det til etterretning, har man da forpliktet seg til å rette "oppatt æille feila fra i går"? Eller sier man bare at jeg hører hva du sier, og du kan vel ha et poeng, men ikke f... om jeg har tenkt å foreta meg noe?"

Norsk Ordbok definerer "ta til etterretning" slik: "Erkjenne mottagelsen (og la seg veilede) av en meddelelse, uten (foreløpig) å foreta seg noe spesielt eller uttale seg mer om den". Det ligg altså ei antydning om at ein med tid og stunder kanskje kan koma til å gjera noe, men neppe eit løfte. I så måte er det jo eit glimrande uttrykk for politikarar som vil visa velvilje, men ikkje lova noe.

Norsk språkråd, som også skal gje Staten råd om rett språkbruk, skriv at det historisk nok kan ha vore slik at "å ta til etterretning" betyr å få ei melding om noe og retta seg etter det som står i den. Men det gjeld ikkje lenger i vanlig bruksnorsk, seier Språkrådet, så dei rår til å bare bruka "ta til orientering".

EG TAR DETTE TIL VITANDE, men vil meina at denne språklige samansmeltinga peikar tilbake på ei uheldig og farlig gliding i vilkåra for ansvar og handling i politikk og offentlig forvaltning. Stadig oftare blir det bare kvittert for at meldingar og rapportar og fakta er mottatt, men så blir det stua bort utan at noe blir gjort, fordi det kan vera for dyrt, for ubehagelig eller komplisert.

 DÅ ALEXANDRA BECK GJØRV la fram kommisjonsrapporten om alt som svikta den 22. juli, viste ho til alle utgreiingar og tilbakemeldingar om sviktande øvingar, beredskap og sikkerhet gjennom åra. Det var ingen mangel på kunnskap, men på handling og gjennomføringskraft. Varsla var dytta rundt i og mellom organ, nivå og etatar. Det var ikkje kunnskap, men kultur, haldningar og leiarskap som svikta. Gjørv konkluderte med denne spissformuleringa: “Intellektuelt forstått – men ikke tatt inn over seg”. Altså: tatt til orientering, men ikkje til etterretning.

Dette er ein meget alvorlig diagnose og ei rein sjukemelding av kordan Norge blir styrt - eller ikkje styrt. Stadig fleire legg skulda på New Public Management  som har fare som ein tsunami over norsk offentlig forvaltning med sine lojalitetsmodellar frå privat næringsliv, og så fylt på med målstyringsideologi. Det har skapt ein frykt- og forsiktighetskultur der det viktigaste er å rapportera rett, ikkje å få det rette gjort. Det formelt og prosessuelt korrekte er også ein måte å fråskriva seg ansvar for å gjera noe, for ansvaret ligg alltid ein annan stad.

KOMMUNAL SEKTOR er heller ikkje fri for dette viruset i samfunnskroppen. Og dei mange uklare grensene mellom kommune, kommunale bedrifter, interkommunale selskap og halv- og heilprivate aktørar gjer det ikkje enklare å plassera ansvaret. Det endar gjerne med eit "tas til orientering"-vedtak i kommunestyret. Eller "til vitande" på nynorsk. Noen gonger kunne det nok vera betre å ta til vettet.

comments powered by Disqus